Er fatigue likt for alle sjukdommar?

Fatigue er jo likt for alle! Meinte ei dame eg snakka med. Eg kjende det stritta litt, men fikk ikkje skrudd på haudet. Ho har mange diagnoser, denne dama. Seinare nemnte ein revmatikar det samme – fatigue er fatigue uansett kva sjukdom du har. Eg tenkte joda, fatigue betyr utmattelse og er eit symptom på mange usynlege sjukdommar. Kvifor reagerte eg då? Kanskje fordi eg følte dei generaliserte noko som påverkar ME-dagen min veldig? Kanskje fordi eg føler at ME-krasj, som er så uforutsigbart, er ein «annan» type utmattelse? Eg har grubla litt på dette og komt fram til følgande: Det er ikkje så viktig. Eg har to diagnoser – fibromyalgi og ME. Det er MEen som styrer kvardagen min. FM tenker eg på som smerterelatert og tenker at utmattelsen kjem av belastninga av å gå med smerter. Utmattelsen frå ME er skrekken, for min del, fordi den er så uforutsigbar. Den har dukka opp midt i ein rolig skogstur, på lynkjapp handletur til byen, på foredrag og i familieselskap. Den kan komme samme dag, dagen etter eller fleire dagar etter ein anstrengelse – og av og til reiser den forbi. Men eg går på tå-hev, for den er ein veldig trasig plass å vere og når den slår til er det berre ein ting å gjere: komme seg heim til stillheit og vente det ut…

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg