Det er ikkje alltid kroppen vil til heimbygda Valldal, sjølv om viljen har veldig lyst. Det er nærare tre timar reisetid frå her eg bur og det tar på. Men når eg først er der og Nils og eg kan rusle tur i lag med Ballder langs Strandpromenaden eller Bedringens Veg, så gir det nærmast ein euforisk følelse.
Den vakre jordbærbygda ventar no på påskeinnrykk til campingplassane, fruktblomstring på Linge og etterkvart at Trollstigen opnar. Det er liksom tidsrekka i Valldal, det. Likevel yra det av liv i sentrum, med folk som tok seg god tid i vårsola og nytte kaffi og fersk bakst på Sylteormen Bakeri eller ein latte på Khaia. Ingen såg ut til å ha det travelt og det var stresslindring, også for meg.
Eg har vakse opp i eit hus med tre etasjar + kjellar. Det blir eindel trapper og dei siste gongane eg har vore der, har eg kjent det godt i knea etter at eg har kome heim. Så dette er plassen for å øve på «aktivitetstilpassing» – eit av dei vanskelegaste omgrepa eg kjenner😅