Eg er så heldig at eg kan ta på meg oppdrag som journalist og har ein eineståande relasjon til (kun ein) oppdragsgjevaren min. Dei passer på meg og at eg ikkje blir overbelasta… så langt dei veit. Men i mai har det vakka på seg med oppdrag og eg har så veldig vanskelig for å sei nei. Det er jo så gøy! Ut å møte folk, få sjå og lære korleis ting fungerer- og ikkje minst, å få sjå sakene mine på trykk og få så mange fine tilbakemeldingar. Men, det som var fort gjort før, tar veeeeldig lang tid no og krev tilpassa førebuingar. Eg slit med å halde ein samtale i meir enn ein halvtime. Det er litt anleis når eg skal intervjue folk, for då veit eg kva eg vil oppnå og difor lagar eg mange av intervjua over telefon og møter som oftast objekta til fotografering. Men denne månaden har det vore mange og lange oppdrag (for meg, sikkert ikkje for andre), og no kjenner eg på kroppen kvifor eg må avgrense dette. Her er det full streik! Alle symptoma kjem som perler på ei snor – magesyre, kjeveverk, musklane ristar, dårleg søvn, hjernetåke og konstant haupine. Ein vekkar som fortel meg at «etter den søte kløe, kjem den sure svie». Så enormt frustrerende! Og den påfølgane utmattelsen gjer at eg ikkje kjem meg ut for å gå rolige turar – den tingen som står øverst på prioriteringslista mi – du veit, den lista som skal fortelle meg kva som er viktigast for at eg skal ha det godt og kunne avpasse aktiviteten etter kva stille kroppen er på. Det ER så vanskelig, for eg er vant med å berre køyre på og bli ferdig. Likevel, no er månaden over og det kjem ikkje to slike etter kvarandre – det kan eg aldri tru. Og sjølv om kroppen skrik etter ro, så er det jo gøy også! Innmari gøy, berre ikkje etterpå… Men no har eg ei ganske rolig stund framfor meg, der eg kan komme meg på fote igjen. Og så må eg kanskje øve meg på å sei nei, også til gøye ting….Vanskelig😅 Kanskje eg skulle lære en ting eller to frå Nils🐶?⬇️