Så blei det endelig! Kroppen har blitt 60 år og mitt inderlige ønske var ein tur til varmare strøk med døtrene mine. Valget fall på Alicante og grunnen var at vi snakka om byen for 10 år sidan, då eg fylte 50. Den gongen blei det Barcelona i staden, så no var tida komen for Alicante, altså. Med overtenking og tankekøyr blei det litt krøll i planlegginga for turen nedover, men vi kom oss på flyet grytidlig ein torsdag morgon og 13 timar seinare landa vi i 30 grader og sol i Spania.
Hotel Occidental Alicante ligg midt i byen, med gangavstand til det meste, var reint, med god service og ein imponerande frokostbuffet, så det var fint. Litt trangt for tre voksne på rommet og ingen solsenger eller basseng å kose seg i, men sånn blir det når ein velger eit by-hotell.. Vi planla reisa sjølv og det var lønnsomt å kontakte hotellet direkte for å få ein god pris.
Dagane gikk til å lunte rundt i byen – litt shopping, god mat og ellers få planer, noko som nok reduserte stresset for min del. Vi hadde kjempeflaks og kom til byen når den store Christian-Morer-festivalen pågikk, med fantastiske parader og arrangement rundt i byen. Ein rolig «loke»-tur på strandpromenaden og langs stranda var fint, men det var altfor fullt på stranda til at vi orka å bade.
Og ikkje minst: jentene mine hadde ordna det slik at eit vennepar overraskande dukka opp til lunsj ein dag. Michelin-up-and-coming restaurant og det aller beste selskapet gav meg tårer i augene og ei oppleving for livet. Så heldig eg er som har slike folk i livet mitt!
Det var ein fordel undervegs i opphaldet at vi kunne stikke innom hotellrommet fleire gongar for dag, slik at eg kunne kvile litt på senga. Det får eg ikkje til like godt heime..
På tirsdagen, etter fem overnattingar, gjekk turen heimover og i etterkant har eg kunne hauste lærdom av opphaldet og reflektere over kva som er Mulig med ME:
På neste reise blir det kanskje heller langhelg enn fem overnattinger, kanskje resort i staden for by-ferie slik at ein kan legge seg på ei solseng i skyggen… kanskje. Men varmen gjorde godt for kroppen og eg tålte meir enn eg trudde, sjølv om dagane no etter turen utelukkande har gått til soving og stillheit.
Det mest utfordrande for ME-kroppen var nemlig flyturen. For sjølv om den ikkje er av dei lengste, så var støyen frå flymotoren det som sleit aller mest. På veg heim var eg sliten og opplevde at utmattelsen beit med skikkelig. Då vart støyen og det å site stille i eit trangt flysete ei veldig utfordring. Men om eg ville heim, så måtte eg berre halde ut.
Og her er eg – i god-stolen, full av minner eg kan kose meg med i lang tid framover. No veit eg at det er mulig og har lært litt om kva eg bør huske på neste gang:
at eg ikkje treng så mykje klede i 30+, at tidlig-ferja frå Gossen kl 5 gjer at du rekk innsjekkinga på flyplassen i god tid, slik at du slepp å starte reisa ein dag før, at det kan vere lurt å finne dei aller mest støydempande hørselverna som fins og som er komfortabel OG å bestille sete mot midtgangen og langt framme i flyet, så ein er litt skjerma frå støyen inne i flyet og slik at kan ein gå litt i midtgangen dersom fight&flight slår inn.🥰