Kjem du på bursdagen? Vil du bli med til Spania? Vi skulle vore ein tur til England igjen….
Det var mykje eg skulle ønske eg hadde tid til då eg var frisk – reise, lese bøker, besøke venner, gå turar på fjellet. Lista var lang, men eg hadde ikkje tid eller overskot utanom jobben. Lange og mange feriar som lærar, seier du? Eg brukte første del av den lange sommarferien til å avslutte skoleåret, midten til å fli hus og heim – ting eg ikkje rakk ellers i året, og siste del til å forberede neste skoleår. Men stadig meir merkbar slitasje måtte alt plangleggast så detaljert som mulig, slik at eg slapp å gjere alt frå botnen når skoleåret rasa i veg.
No har eg mykje tid og kollegaer har spurt korleis eg får dagane til å gå: Ingen problem! Med eit hovud som jobbar i halv fart og tåler lite inntrykk før hjernetåka kjem, så må alt gå i rolig tempo. Det er ingenting som skal til for å trigge stress. Eg veit aldri når utmattelsen set inn eller kvifor, men den er lammande…
Men: Eg les masse bøker og eg går tur kvar dag… Og eg øver på å sette grenser for meg sjøl, nok eg aldri har vore flinkt til før. Så når eg sa nei til bursdagsselskap fordi eg har vore sjuk og vil fokusere på å bli frisk, så kom spørsmålet: Blir du ikkje frisk snart frå det du har da? Kjære deg, som eg skulle ønske eg blei det! Men eg har ein kronisk sjukdom – to faktisk, og kan ikkje tenke slik.
Eg må lære meg å leve med desse tilstandane – det er det som er jobben min no🥰