Lage min eigen arbeidsplass

Det blir sagt og skrive mykje om uføre – kva dei bør gjere eller ikkje gjere. At ein berre må ta seg saman. At dei iallefall burde prøve å jobbe litt…

Seinast forrige veke gjekk ein Høgre-politikar ut og meinte at uføre burde skjerpe seg. Men siste vekers nyheiter viser også at over 100.000 uføre er i arbeid. Eg er ein av dei. Men sidan bedrifter ikkje kan tilpasse ein jobb til mitt sjukdomsbilete, så måtte eg lage min eigen arbeidsplass.

Etter å ha søkt på nett om korleis det å ha sitt eige enkeltpersonsforetak (ENK) fungerer i forhold til uføretrygd, fann eg INGENTING. Eg har hatt mitt eige foretak som frilansjourmalist/fotograf sidan 2009, men då eg endeleg fekk lov å søke på uføretrygd etter ein svært belastande periode, både psykisk, fysisk og økonomisk, med diagnostisering og rehabilitering, måtte eg avvikle det opprinnelige foretaket fordi eg ikkje hadde økonomi til å skaffe til vege all dokumetasjonen som NAV krevde.

Heldigvis traff eg ein triveleg NAV-tilsett på telefon som anbefalte meg å avvikle, for deretter å starte opp nytt foredrag når eg hadde fått innvilga søknaden. For det kostar ingenting.

Dagen etter at brevet om innvilga uføretrygd kom, sende eg søknad til Brønnøysundregistra som å opprette nytt foretak. Det vart umiddelbart godkjent og kosta ingenting.

Så kvifor ENK?

Jo, om eg skulle ta oppdrag som frilansjournalist utan ENK, så ville eg måtte betale 50% skatt på det eg tente og kunne ikkje skrive av utgifter ein har med å drive med dette. No kan eg styre dagane mine som eg vil, ta oppdrag tilpassa sjukdommane mine. Joda, eg må strekke meg langt av og til, og eg blir veldig sliten og må ofte ha nokre dagar pause etter endt oppdrag.

Det seier seg sjølv at eg ikkje blir millionær, men for meg gir det meistring og meining, og eg kjem meg ut blant folk – om ikkje anna enn så av og til. Og DET er den beste medisinen for meg☺️