Ut på tur – til England

Eg skal tilbake til England!

Det er 10 år sidan sist og no passa det for yngstedattra å bli med som «støttekontakt». Eg kan nemleg ikkje reise aleine og ho kjenner sjukdommen min etter å ha følgd løpet frå dei første symptoma.

Turen blir på fem dagar og førebuingane for å tilrettelegge turen har pågått nokre veker, med avreise frå Ålesund lufthavn Vigra mandag 10., møte dattra i Oslo og reise derifrå ilag til Manchester, vidare med tog til York og bytte tog vidare til Darlington, der eg utdanna meg til journalist for ganske nøyaktig 30 år sidan.

Å reise med ME er ikkje lett. Sjukdommen er så uforutsigbar at det er vanskelig å planlegge, men erfaringane tilseier at eg kan få fullstendig hjernefrys og kjem meg ikkje av staden.

Difor har eg jobba mykje med meg sjølv for ikkje å overtenke og for å førebu situasjonar som kan bli krevande, slik som å høyre beskjedar over høgtalar (pga tinnitus og redusert hørsel), innsjekking og vanlege rutiner på ein flyplass som eg ikkje lenger huskar, og ellers støy og stress.

Her er førebuingane eg har gjort så langt (fire dagar før avreise)

– leita fram og lada opp headsett og øyrepluggar som kan dempe støy.

– lasta ned bøker på Bookbites (lydbok funkar ikkje grunna konsentrasjonsvanskar og hørsel)

– lagt fram ting eg kjem på er lurt å ta med i god tid før eg pakkar (adapter, pass, kort, ladarar..)

– bestilte flybillettar frå Vigra og Værnes slik at vi møtes på Gardermoen omlag samtidig mandag morgon.

– bestilte rom på Smarthotell Vigra slik at eg kan kvile der natta før grytidleg avgang mandag morgon og bestilt parkering på førehand.

– avtalt med søstra mi, som også er hundepassar, om eg kan overnatta hos henne når eg kjem att, dersom forma tilsei at eg ikkje kan køyre dei tre timane det tek å kome heim.

Følg med på reisa, så får vi sjå korleis det går🥰