Eg har snakka med fysioterapeuten min om tai chi eller qigong i ei årrekke og at det kunne vere bra for meg med fibromyalgi, kronisk stress og ME. Litt av en pakke – og forrige veke dukka endeleg sjansen opp. Den lokale revmatikerforreninga inviterte til prøvetime og eg ville med!
Kvifor qigong? Rolige bevegelsar som ikkje tøyer eller strekker slitne kroppsdelar for mykje. Ro og ettertanke. Jo, dette kunne vere nok ein metode til å roe ned tankekøyr og som ikkje skulle vere for slitsomt.
Eg hadde vore hos fotpleie før på dagen og samtalane der kan bli ganske intens – å site i behandlingsstolen i nærare ein time medan praten går kan av og til bli i overkant mykje for dette slitne hovudet her. Deretter måtte eg ein tur til næraste by for å hente medisin som eg MÅTTE ha med det same, sa ho. Innan eg var komen heim var det knappe to timar til øvingstimen og eg kjende utmattelsen beit meg i halen.
Men – eg hadde berre denne sjansen, så eg prøvde å kvile så godt eg kunne. Men når eg kom fram, ante det meg at dette kunne bli ei utfordring. Mange trivelege folk som eg snakkar med sjeldan – og nokre av dei ler høgt. Det skjer ekstra i øyrene når eg er sliten
Tinnitusen var på høggir – vi var i ein ganske stor sal og instruktøren stod 5-6 meter unna, utan mikrofon og med skjegg. Dermed brukte eg alle kreftene på å få med meg kva han sa og «fight-and-flight»-følelsen kom etter eit kvarter.. FOR en skuffelse!
Heldigvis varte ikkje prøvetimen meir enn 35 minutt, men då var eg heilt skjelven og måtte berre dra rett heim.
No må eg bearbeide inntrykka og sjå om det blir fleire oppmøte frå meg.
Trøsta er at eg kjende att mange av øvelsane frå avslappingsøvelsane eg gjer kvar kveld før eg legg meg (som eg lærte på Unicare Helsefort ❤️) og mindfulness-øvingane eg brukar når eg skal sove (som eg også lærte på Unicare Helsefort ❤️). Så kanskje eg berre skal fortsette med det eg har gjort og tenke at det er bra nok? Trist å ikkje kunne gå ut og treffe folk, men eg må nok berre erkjenne at det er eindel av sjukdommen 🙄