Roa ned tankekøyr

Varierande straumprisar har vore ei kilde til tankekøyr her hos meg. Når pushvarler kjem om straumpris over 2 kroner kWt så setter det i gang: Kan eg dusje, kan eg sette på vaskemaskina eller oppvaskmaskina, tørketrommel? Når er eventuelt beste tidspunktet? Kva utgjer dette i kroner og øre?

Eg ringde min lokale straumleverandør Istad Kraft og fekk kjapt klarlagt at 57 øre kWt inklusive ALT er ein god pris. I tillegg bruker eg mykje mindre straum når det er varmare i vèret og då vil ikkje denne prisen gi så store utslag på rekninga.

SÅ – eg bestilte Norgespris, ei enkel sak på ElHub,og kroppen slappa umiddelbart av.. No slepp eg bruke seig hjernekapasitet på å vurdere, men vaske kle og koppar (ikkje i lag!😂) og bake mine uerstattelige tebriks uten å gru meg for kva dette vil koste😅