Bøker som sovemedisin

Anti-tankekøyr
Når kroppen min er sliten, er tankekøyret ofte på sitt verste – gjerne når eg skal legge meg om kvelden. Då hjelper det å lese litt feelgood-litteratur på engelsk.

Ofte når eg skal legge meg om kvelden, så raser tankar og inntrykk i hovudet.

Sterk tinnitus er verst når det er heilt stille, men så lenge eg veit kva det er, så går det greit. Eg har hatt tinnitus-utfordringar sidan eg mista hørselen på eit diskotek i England i 1990, så det er så rart med det…

Men det kan vere vanskeleg å roe ned tankekøyret. Heldigvis har eg funne nokre triks og knep som stort sett hjelper.  Etter kveldsstellet (nei, eg bur ikkje i ein fjøs…) brukar eg  litt tid ved senga til å tøye nakke, skuldre og rygg. Ein kan gjerne nynne ein rolig sang inni seg – det funkar iallefall for meg 😉

Og når hovudet omsider dett på puta, ligg det alltid ei engelsk feelgood-bok på nattbordet klar til å sende meg i rolig søvn. Akkurat no har eg hatt ein Milly Johnson-periode. Ho skriv med humor om kjærleik og herlege forviklingar i Yorkshire, der eg budde eitt år medan eg utdanna meg til journalist. Fint å vandre på gamle trakter, og desse bøkene gjer at eg sovnar rolig og ikkje drøymer. Stor takk til Aukra bibliotek, som verkeleg har lagt seg i selen for å skaffe meg alle desse bøkene.

Takk også for tilgang til gode bøker på Bookbites. Eg klarer ikkje å lytte til lydbøker – eg blir kvalm og uvel, og mister fort tråden, så e-bøker på Ipad er tingen for meg. Bookbites er biblioteka si e-bokside, der ein kan låne tusevis av bøker gratis – både som lydbok og e-bok. Eg er også tilslutta Lydhør, men utvalget e-bøker der er mykje mindre og med få e-bøker.

Det er godt å sakne verda og drøyme seg bort litt, når ting har blitt så uforutsigbar. Men norske bøker og krim, til dømes, må lesast i fullt dagslys. Eg manglar nokre filter, brukar eg å seie, så inntrykk blir veldig forsterka, og då er det like greit å beskytte seg litt for akkurat det. Men eg elskar bøker!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg