Mixed feelings

«Aften rød gir morgen bløt», seier ordtaket og det skildrar nok sommaren min, slik den blei. Solnedgangane her på Romsdalskysten er berre nydelege og ein av grunnane til at eg trivast så godt her. Sjølv om knotten slest om oppmerksomheita, kjenner du pusten gå langt ned i magen når ein følger sola på veg ned i havet, ein gong rett før midnatt.

Men der er ei bakside som mange av oss med fibro kjenner godt på kroppen – lavtrykk. Denne sommaren har veret skifta annakvar dag, kjennes det ut som. Temperaturen har vore himmelsk og eg har liksom tenkt for meg sjølv at det har kome regnskyll såpass ofte at eg slepp å vatne i hagen😅. Men før regnskyll  kjem lavtrykk og kroppen går i lavenergimodus og leitar rundt for å finne ein plass den kan klemme litt hardt og gjere litt ekstra vondt, i tillegg til sleppe tåka inn i hovudet… Lavtrykk for meg tappar ME-batteriet, men for min del hjelper det å vite kvifor kroppen blir energilaus og vondtane vandrar og at det vil gå over. Det beste eg kan gjere er å gå tur, «come rain or shine», for det eg ikkje kan gjere noko med, får eg gjere det beste ut av, og frisk luft og vakre solnedgangar er uansett god medisin.

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg