Har hatt ei fantastisk påske, med hyggelig besøk, turar og fine opplevingar. Ulempa er at eg så dårleg på å kvile, så eg brukar batteriet mange gongar. Det får eg att no, når påskepynten er pakka ned, besøket er reist og kvardagen er tilbake. No kjennes kroppen stressa og tom på samme tid – ein følelse det er vanskeleg å handtere. Som ei influense eller feber i kroppen. Dårleg nattesøvn, tankekøyr som igjen gir stress, lav toleranse for mat, hodepine og vondter. Hjelper heller ikkje at klokka er skipla og at det bles nordavind så ein får tannverk om ein stikk snuten utanfor døra. MEN – det var verdt det! Kvart eit minutt, saman med jentene mine og kjærestane deira. Og det går over. Det veit eg. Så då er det berre å vere tolmodig, komme seg ut på Nilse-lufting og vente det ut. Og blues er jo ganske fin musikk, egentlig..