Hels på Dorris! 13 veker lita sjarmklump som egentlig skulle vore ein annan plass, men som hmna hos oss/meg. Eg skulle egentlig gi meg litt tid til å sakne Nils August og hundehald, og det varte i to og ein halv månad😅 Eg var bestemt på at eg ville ha hund igjen, men skulle gje meg tid til å sakne det etter at Nils August trengte å bli passa ekstra godt på det siste halvåret. Så det gikk litt tid på internett og sosiale media for å finne akkurat den hunden eg ønska meg og kjenne på livet uten ekstra ansvar. Og etter mange rundar (Ja, ikkje ideelt for overtenking og tankekøyr..) begynte eg å kjenne litt på savnet av ein turkamerat. Så omplassering av ein hannhund på eit par år stod egentlig på planen og ikkje ei lita tispe på 12 veker, kølsvart med små kvite dottar her og der, litt gremlings, litt piraya og verdens søtaste🥰 Men der kom ho opp på skjermen, tilbakelevert til oppdrettar fordi eit eldre ektepar syntes det var for travelt med kvalp… Skulle ho komme til oss, så måtte vi bestemme oss fort. Yngstedattra var heime hos meg denne sommaren og saman blei vi enig om at Trulte – seinare Sissi og no Dorris skulle bli vårt nye familiemedlem. Og sidan har livet gått i turbofart, med hyppige tisseturar, leik, mat, tyggebein, herpa dorullar og mjuke hundesenger i rett størrelse. Ho har på rekordtid fått ein stor plass i hjertet og sjølv om eg grubla på om eg hadde vore litt for snar å bestemme meg, så gjer eg ikkje det no🥰 Velkommen til oss, Dorris!🥰❤️🐶
Takk for alt, Nils August❤️
Nils August fikk i november 2025 påvist lekkasje på tre av fire hjerteklaffer, noko som førte til forstørra hjerte og væske i lungene. Ingenting ein kunne gjere, så eg skjønte korleis det ville ende. Vi fikk med oss ei liste med medisiner og frå då av var det berre å følge med korleis sjukdommen utvikla seg og samtidig ta nokre valg for korleis han kunne få det så bra som mulig den siste tida si. Eg bestemte meg for at når beina svikta, så måtte han få sleppe meir. Og når april kom, så kollapsa han berre han skulle bjeffe på nabokattane og det var ingen veg tilbake.
Same morgon som vi hadde avtale med dei fantastiske menneska på AniCura Molde, skulle vi ein tur i hagen for å skvette litt – og der kom nabokatten. Klokka var ti på 7 og Nils begynte å bjeffe. Mange ting skjedde i hovudet mitt på ein gong, men ein ting som ikkje hadde fokus var beina mine. Eg skulle skunde meg å plukke opp Nils så han ikkje seig i hop og dermed ramla eg bakover i ein litt bratt hage. Landa på nokre betongheller og slo meg kraftig i ryggen, hodet og venstre arm og skulder. Veit ikkje om eg besvimte.. Men uansett kor vanvittig vondt det gjorde, så kunne eg ikkje synes synd på meg sjølv for dattra mi var tårevåt på veg frå Trondheim for å bli med på Nils si siste reis og eg kunne ikkje utsette avtalen med AniCura. Nils August fikk ei fin og verdig avslutting på livet, takka vere gode og profesjonelle folk på AniCura. Sjølv slit eg fortsatt med smerter etter den tunge dagen. Så skulle ein tru at det hadde vore lurt med ein hunde-pause? Følg med vidare😉



