Det er mange ting ein har dårleg samvittigheit for når ein er kronisk sjuk. Med ME tar ting tid og det meste krever energi du har for lite av.
Mor mi på 89 bor tre timar reise frå her eg bur. Dermed kjem eg meg ikkje dit like ofte som før og det synes eg er trasig og noko som bidreg til konstant dårlig samvittigheit og eit veldig stress.
Med ME brukar kroppen lang tid på å komme i gang om morgonen. Skal eg reise til mor, må eg difor stå opp minst tre timar før avreise for å gjort alt eg skal før avreise: eg må sjekke om eg huska å pakke det eg skulle, for eg huskar ikkje kva eg pakka i går kveld. Eg må lufte hunden, som er kjempenervøs når han reiser i bil. Eg må ete og smøre matpakke, samt pakke med meg mat eg skal ha dei neste dagane. Eg har mange og lange lister på kjøleskapet, for når pakkekaoset er i gang blir alt berre rot oppi hovudet.🤪
Så startar den nærare tre timar lange turen. Innan eg kjem fram så har eg laga meg lister i hovudet over ting eg må huske å gjere medan eg er der, for sidan eg er der sjeldnare enn dei andre, så må eg få gjort desto meir medan eg er der. Og listene går på repeat, slik at eg ikkje gløymer kva eg skulle huske. (=tankekøyr)
Med andre ord så kjem eg dit med ein kropp og eit hovud som er kjempestressa og sliten før eg får begynt med å kompensere. Mor synes det er kjekt når eg kjem og vi kosar oss med småprat. Men ho er veldig tunghaurt og dermed kan ikkje samtalane bli så lange, for hovudet mitt stoppar heilt opp av lydnivået. Eg vil så gjerne at ho skal få heimelaga mat, som ikkje kjem frå eit institusjonskjøkken, når eg først er der. Og kan vi like godt vere fleire rundt bordet. Og ho er veldig glad i kake, så det blir det gjerne også😅
Stresset driv meg gjennom, men eg må ha mange pauser. Då sit eg med strikketøyet og tven på lavaste volum i bestemor mi si leiligheit. Kvilen blir ikkje nok, men eg kjem meg litt vidare.🧶
Etter ei helg så går dei neste par dagane heime igjen til å kvile og få opp energien igjen. Og eg har like dårlig samvittigheit for at eg er dårlig (ikkje sliten) etter å ha gjort datter-plikta mi. 😔


