Ein god dag

godt for kropp og sjel

Ein dag med litt overskudd! Trass i stadige vondter, er det så utrulig godt når ein merker at ein har litt energi. I dag var ein slik dag. Då er det berre å kle seg godt, både Nils og eg, og gå ut i fineveret. Blå himmel, nesten vindstille, lett og tørr snø og kvitt, stille og reint overalt. Deilig!

Hadde til og med nok batteri til å gå på lunsj arrangert av demensforeninga på Aukra kulturhus. For eit flott tiltak! Fann meg eit bord med venlege ansikt, så eg kunne slå av ein prat også. Det er det ikkje alltid eg klarer – ofte kan det å halde fokus gjennom ein samtale vere ganske slitsomt. Men i dag gikk det fint. No har Nils og eg tatt enda ein kort tur for å få med oss solnedgangen, og dermed er batteriet ganske tomt igjen. Men dagen har vore god, og då er det heilt greit å ta resten av dagen med ro..

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg