Eg går som oftast tur eit par gongar kvar dag. Ikkje alltid like langt, men det er viktig for meg å halde beina i gang sjølv om hovudet ikkje alltid er med og vondtane nektar. Her på Romsdalskysten er det mildt sagt skiftande ver – eg kan vere innom fleire typar på rundane mine. På dårlege ME-dagar slit eg med lyssensivitet. Då er det godt å ha filter-briller. Eg prøvde ei lita stund å få dekt slike gjennom Nav, men heile systemet er så tungvindt at eg endte med å kjøpe sjølv. Desse er superlette, kjøpt på nett hos Extra Optical, uten styrke, med lysaste filtervalg og UV-skjerming. Brilla heiter “Rektor” (ironisk nok for ein avlagt lærar) og kosta 571 kroner.
1 kommentar
Jeg er fullstendig avhengig av mine sol-briller. Noe lyssensitiv. Dem er verdt hver krone 🙂 men ja, utrolig vanskelig med nav.