Då er turen til Darlington, England over og eg har hausta fleire og nyttige erfaringar. Det ER mulig å reise med ME, men det må planleggast med tanke på utmattelsen.
Nils August, min lille hjertemedisin (hund), skulle vere hos søstra mi i Plesund, og sjølv om det gjorde reisa ein dag lenger i begge endar, så tenkte eg at ei natt på Smarthotell før ein heil reisedag kunne vere lurt. Ikkje så sikker no, men det kjem eg tilbake til. Fly var uansett bestilt frå Ålesund lufthavn Vigra klokka 06.50 mandag morgon. Dermed blei Nils plassert i tante sitt fang søndag ettermiddag og eg gjekk til køys klokka 20.30 etter å ha henta bagasjelappar på flyplassen, nokre få meter frå hotellet.
Eg var mest spent på etappen eg skulle reise aleine. Yngstedatter Hannah starta samtidig som meg med fly til Oslo, så når vi møttes på Gardermoen, så visste eg at alt ville gå bra.
Og på veg sørover kom den første supre oppdaginga: Eg er alvorleg lydsensitiv og var difor spent på flyturen og flyduren. Hadde derfor pakka både headset, loop-øyrepluggar og Earbuds. Det var dei siste som berga heile ture, FOR ei lykke! Dei stengde all støy ute, samtidig som eg fekk med meg beskjedar over høgtalarane. Har ikkje hatt det så stille og fint på lenge og flyturen blei kvile istaden for anstrengelse.
Litt venting på Gardermoen, kort flytur til Manchester, togbytta på Manchester Piccadilly og York, og vipps så var vi i gode, gamle Darlington.
FOR ein lykkerus å vere tilbake i byen eg er så glad i. Der er eg kjend, den er ikkje for stor og bråkete og der bor mi gode veninne Christine, som tok imot oss som kongelege!
Vi var på restaurant, på glasmåling, på shopping (med svært spesifikk liste😅) og vi sat berre og prata.
Ein av bommertane skjedde då eg skulle innom ein bruktbokbutikk. Eg les nemlig engelske chick-lit/rom-com bøker om kvelden – då drøymer eg ikkje – og blei litt overivrig… 20 bøker til 150 kroner kan ein berre ikkje oversjå😆. Skjønte fort at dette kunne eg ikkje dragse med meg tilbake på tog og fly, så her måtte det tilrettelegging til: Eg sende to pakkar med Evri til heimeadressa mi. Det kosta nesten 1300 kroner, men er verdt det med tanke på slitasje. Og tenk så spennande når dei kjem -med dette teflon-hovudet mitt hugsar eg ikkje halvparten av det eg posta.
Hannah har følgd sjukdommen min i ei årrekke, så ho tåler både klaging og tårer. Cred til ho, beste støttekontakta og reisepartner❤️
Turen tilbake starta torsdag. Vi stoppa i York, deponerte koffertane på oppbevaring og rusla rundt i gatene. Nydelig.
Hotellet i Manchester, Tribe Manchester Airport, passa ikkje meg. Ein uformell og bråkete resepsjon gjorde at eg ikkje fikk med meg ein einaste beskjed. Rommet såg stilig ut, men madrassa og hodeputa var knallhard og rommet var lytt. Frokosten var også skuffende – eg går ikkje i detalj, men eg er egentlig ikkje kresen.
Vi hadde haurt at det var oransje farevarsel i vår del av heimlandet, så vi var litt spent på siste del av flyturen til henvoldsvis Vigra og Værnes. Men dyktige pilotar i SAS fikk oss gjennom heftig turbuens og sterk vind – og eg hadde Earbuds mine, så eg var ikkje stressa i det heile.
Kjende at utmattelsen beit meg i rumpa (ja, eg hadde nokre knekkar undervegs..) når eg skulle hente Nils, så det blei overnatting hos søster istadenfor å køyre i tre timar i mørke, vind og regn. Då veit ingen kor vi hadde enda😅
Rett ut resten av dagen etter heimkomst – pakka ikkje ut ein einaste bit, og på søndag verka heile kroppen, hovudet var sagmask, synet uklart, tinnitusen skyhøg, magen i kaos og hovudpina ekstrem. Så dermed venta eg det ut og pusla litt forsiktig på mandag.
No er det tirsdag, eg er utrulig fornøgd og glad for turen og skulle helst reist tilbake med det samme… Kanskje ikkje så lurt? Uansett så kan eg gle meg til pakkane mine kjem.
























