- Fysioterapi. Eg har gått til fysioterapeut i mange år og han eg går til no har kjent meg sidan 2009. Det er få som kjenner meg så godt som han, og særleg dei sårbare sidene. Eg har ligge på den benken og drøfta alt frå verdensproblem til behandlingsmetodar. Eg har blitt tøygd og strekt i alle retningar, fått nåler både på topp og i botn og masse støtte, forståing og gode råd. Etter jul tenkte eg at stakkaren skulle få ei lita pause frå meg, men det var visst dumt. Kroppen blei tung, fibrosmertene kom hyppigare og eg hadde lite energi – her var det visst berre å bestille time! Og for ein forskjell det blei! Etter å ha fått ei temmeleg heftig behandling av spesielt nakken, var det nesten som at batteriet vart lada nesten umiddelbart. Dagen etter hadde eg overskudd for første gong sidan lenge før jul – det var heilt euforisk – og enda sjølvsagt med at eg vart for overivrig og måtte justere meg nedatt. Det er som ein ballong som sprett og dansar når den er full av luft, men så siv lufta ut litt og litt.. Men det gjer ingenting. Om eg kan få ein dag som føles “normal”, der hovudet fungerer og alt er lyst og fint, så er det heilt greit å ta konsekvensane med vondter og full brems. For då veit eg at det går an!
2. Nils August, 8 1/2 år ung blanding av chinese crested powder puff og chihuaua, og verdens beste selskap og turkamerat. Han held meg på beina, får meg ut på tur og gjer at eg får frisk luft og får halde kroppen i bevegelse. Det er viktig for meg at beina ikkje blir svekka. Difor går eg tur kvar einaste dag, uansett om fibro-smertene protesterer og energinivået er lavt. På gode dager smiler eg mot sola, kjempar mot vind og regn med godt mot eller stoppar for å slå av ein prat med kjentfolk. Andre dagar sleper eg meg steg for steg, stirrar i asfalten og bit tenna sammen. Uansett så veit eg at det hjelper med den friske havlufta – den renser liksom opp i systemet og gjer berre godt.
Og så må eg jo sjølvsagt nemne jentene mine, Vilde og Hannah. Når dei slår på tråden eller stikk innom, så har også den dagen blitt fin 😉